Bjørn Olav på nye eventyr i Sør-Afrika
Eg er i Sør Afrika på SAP kurs for dei som ikkje er klar over det. No har eg endeleg makka meg til å få opp denne bloggen som eg skal bruke til å skrive om ting og tang som skjer her nede.
- 1# Men kva er eit SAP Kurs tenkjer vel du no
- - SAP er eit databasesystem
- 2# Har dei slikt i Sør Afrika?
- - Ja
- 3# Er ikkje Sør Afrika eit U-Land?
- - Jo
Eg bor pÃ¥ ein Bed & Breakfast med tilnamnet Hawk’s Rest, her delar eg rom med ein svenske som heiter Oskar, artig skrue som trutt og ofte kjem med kommentarar som “Jækla Nordbaggar” eller “Heeeelvettes U-Land!” nÃ¥r noko ikkje er heilt slik som det skal vere (noko som er tilfelle relativt ofte pÃ¥ eit kontinent som Afrika).
Her om dagen (27.02.2008) var vi å vitja ein av dei litt finare restaurantane i Durban
Sør Afrika er eit “land under oppbygging”, derfor er det mykje som ikkje er heilt som det skal. For eksempel sÃ¥ er vi straumlaus i ca 2 timar kvar dag, vi veit aldri nÃ¥r pÃ¥ døgnet dette skjer men vanlegvis er det pÃ¥ kvelden nÃ¥r det et mørkt samstundes som nokon stÃ¥r i dusjen.
Vi har også vore på Safari! Da sov vi på ein nokså shabby Campingplass der eg hadde ein skorpion på rommet mitt. Men skorpionen var ikkje farleg vart eg fortalt av fyren som styrte Campingplassen. Den hadde nemleg berre 3 typar gift i halen sin, andre skorpionar kunne ha fleire.
Denne her hadde tydelegvis desse tre typane:
- Ein for å gi smerte
- Ein for å paralysere (men berre i 4-5 timar)
- Ein for å drepe (men den gifta brukte den ikkje ofte og eit menneske overlevde sannsynlegvis)
Vi hadde også store planar om å ta oss ein symjetur i bassenget, men når vi fekk vite at bassenget nokon gangar fungerte som vassfat til dei lokale leopardane o.l. eller kanskje der kunne vere ein Black Mamba som plaska rundt så droppa vi det.
TrackBack
TrackBack URL for this entry:
http://www.gigzor.com/wp/2008/02/eventyr/trackback/